
JFK
Oliver Stones film JFK er eit historisk drama som følger Jim Garrison, ein distriktsadvokat frå New Orleans. Han jaktar på sanninga etter fleire uovereinsstemmelser i Warren-rapporten. Som kom i etterkant tav drapet på president John F. Kennedy.
Filmen har ei speletid på over tre timar, og han nyttar tida godt. Det går heile tida framover. Det filmen kanskje nyttar tida best til er å la detaljane i etterforskninga få rom til å bli nemnt.
Tre timar treng ikkje kjennast lange når forteljinga har slikt driv. På Will’s Reviews (willsreviewsblog.wordpress.com) blir dialogen, regien og den hektiske klippinga trekte fram som grunnen til at sjølv lange forklaringar held på spenninga. Skribenten rosar filmen, samstundes som omtalen skildrar historiesynet som svært skeivt. Det er ei nyttig påminning om skiljet mellom kor overtydande ei forteljing verkar på lerretet, og kor sikkert ho kan fortelje oss kva som faktisk hende.
Jim Garrison (Kevin Costner) står sentralt. Kevin Costner er stødig som oftast. Dialogen i filmen er engasjerande. Det handlar mest om historia, og mindre om karakterane, men det er greitt.
JFK er ein fengslande film. Filmen held merksemda mi heile vegen. Eg hadde lese meg opp om den sentrale handlinga i filmen, har høyrt og lært ein del opp gjennom åra om mordet på John F. Kennedy, men blei endå meir opplyst her. Det handlar ikkje nødvendigvis om sanninga, men om det å vere etterforskande og på søken etter sanninga. Og det likte eg.
