Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ji jie hao (2007)

Ji jie hao

Film
4

Regissøren Xiaogang Feng som står bak Ye yan står også bak denne. Han har gripe tak i eit stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i den første delen av filmen, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del.

Faren her var at heftige krigsbilde kunne komme i overtal i starten, med eit par små pausar mellom kampar som forklarer godt kva som står på går det derimot bra. Den andre faren var at andre del av filmen kunne bli for roleg etter massiv budsjettpengebrenning på det råaste eg har sett av krig på film, men også her klarar Ji jie hao å styre handlinga med stø hand og ta oss med på ei tidsreise som aldri gir voner til at slutten på filmen er nær, fordi det er så bra.

Om eg hadde sett denne i heimen på DVD kan det godt hende eg hadde meint noko anna. Men på kino er dette storvegs og det perfekte motstykket til Once for variasjon i festivalprogrammet til Kosmorama. For som eg hinta til innleiingsvis med The Banquet er dette verkeleg godt produsert, denne gongen utan å miste taket på karakterane sine som midtpunkt.

Keith Uhlich på Letterboxd (letterboxd.com) finn ikkje den same tyngda i overgangen frå krig til ettertid. Han meiner det polerte uttrykket arbeider mot persondramaet, og at dei store tidsspranga gjer hovudpersonen vanskelegare å få tak på. Eg opplever nesten det motsette. Etter dei valdsame kampane klarer filmen å halde interessa mi gjennom nettopp den rolegare historia, utan å miste personen av syne.

Filmen heiter Assembly på engelsk.