Å skrive noko nytt om ein komikar eg har sett og skrive om tidlegare, er vanskeleg. Stort sett er det same type humor, men nokon nye vitsar. Det betyr ikkje at det er kjedeleg. Jimmy Carr: Being Funny er faktisk ei ganske artig standupframsyning. Men det er det same som Jimmy Carr har gjort tidlegare.
Med andre ord er det ganske grove vitsar og stygt sagte ord om alt og alle. Han går over grensa heile tida, men kjem seg alltid tilbake. Det ligg i presentasjonen, ikkje nødvendigvis i kva han seier, som gjer dette vellykka.