
Jimmy Carr: Funny Business
Eg har eit utval standupkomikarar eg følger fast når dei kjem ut med nytt materiale. Greia her er mengda latter dei klarar å mane fram i løpet av sine stort sett ein time lange show. Og Jimmy Carr er ein av dei som over tid har levert godt.
Stilen til Jimmy Carr er ei blanding av korte og enkle vitsar, involvering av publikum og store dosar innhald som er langt frå å vere politisk korrekt. Det siste er det eg set størst pris på. Ikkje nødvendigvis fordi innhaldet er uelegant. Eg har respekt for folk som ikkje bryr seg om å vere politisk korrekt, som eigentleg berre er eit anna ord for kollektiv sensur.
Poenga og vitsane til Jimmy Carr er ikkje i seg sjølv alltid til å le av, men måten han snor seg unna det verste av det verste, og presentasjonen og oppbygginga av showet hans, er god. Dette gjer at Jimmy Carr er ein av dei få komikarane eg lar sleppe unna med å full av grisesnakk og banning. Elles har eg meir sansen for den reine forma for komedie til Jerry Seinfeld.
Det presise ordvalet og samspelet med salen får også merksemd hos Sean L. McCarthy på Decider (decider.com). Han meiner Jimmy Carr ofte styrer forventningane våre mot ei overraskande vending, og brukar publikumsinnspel til å vise kor kvikk han er. Det er denne kontrollen eg set pris på. Det grove innhaldet er ikkje nok i seg sjølv, men måten han bygger opp, snur og leverer poenga på gjer at eg får meir ut av showet enn av mange enkeltvitsar.
