Jimmy Carr: Funny Business - Filmdagbok

Jimmy Carr: Funny Business 2016

Eg har eit utval standupkomikarar eg følger fast når dei kjem ut med nytt materiale. Greia her er mengda latter dei klarar å mane fram i løpet av sine stort sett ein time lange show. Og Jimmy Carr er ein av dei som over tid har levert godt.

Stilen til Jimmy Carr er ei blanding av korte og enkle vitsar, involvering av publikum og store dosar innhald som er langt frå å vere politisk korrekt. Det siste er det eg set størst pris på. Ikkje nødvendigvis fordi innhaldet er uelegant. Eg har respekt for folk som ikkje bryr seg om å vere politisk korrekt, som eigentleg berre er eit anna ord for kollektiv sensur.

Poenga og vitsane til Jimmy Carr er ikkje i seg sjølv alltid til å le av, men måten han snor seg unna det verste av det verste, og presentasjonen og oppbygginga av showet hans, er god. Dette gjer at Jimmy Carr er ein av dei få komikarane eg lar sleppe unna med å full av grisesnakk og banning. Elles har eg meir sansen for den reine forma for komedie til Jerry Seinfeld.