Jimmy Carr: Stand Up - Filmdagbok

Jimmy Carr: Stand Up 2005

Når det kjem til dissing av folk, folkegrupper og stort sett alt anna, så er Jimmy Carr det beste av standup eg har sett. Her er det så mange grove vitsar om homofili, sjuke folk, aldersgrupper og kjønn at det er litt å gispe over. At han klarer å få folk til å le av det er nok det beste, eg trur ikkje folk torer å la vere å le.

Han plukka ut nokon publikummarar innimellom som han heng skikkeleg ut, og går langt over streken, men likevel ror han seg i land utan at dei andre folka gir uttrykk for at dei føler at han er arrogant. Også er han utruleg flink til å improvisere, merkverdig.

Det beste av britisk standup, og på høgde med Pablo Francisco: Bits and Pieces - Live from Orange County, men med eit anna fokus. Skal du sjå standup, så må du sjå dette!