
Jiro Dreams of Sushi
I denne dokumentarar følger me japanske Jiro Ono og sønene hans som driv sushirestaurantar.
Jiro Ono har via heile livet til å perfeksjonere kunsten å lage den beste sushien han kan. Forutan å elske det han driv med, har han også oppnådd ære med tre stjerner i Michelin-guiden.
Jiro Dreams of Sushi er ei nærast poetisk framstilling. Nydelege bilde og nydeleg musikk. Og ikkje minst er det ei flott framstilling av eit sunt førebilete.
Stefan S på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) meiner filmen handlar like mykje om stoltheit i arbeidet som om sushi. Han rosar også rytmen og dei nære bilda av maten, som gir det enkle handverket eit poetisk uttrykk. Det er mykje av det same eg likar her. Grundigheita blir både eit ideal å sjå opp til og noko me får tid til å beundre i sjølve forma på filmen.
Då er det heller ikkje så mykje at filmen etter eit visst punkt ikkje har all verda med nytt å fortelje. Før dette har filmen danna grunnlaget.
