Hopp til hovedinnhold
Plakat for Jobs (2013)

Jobs

Film
3

Me følger Steve Jobs (Ashton Kutcher) frå college til han døyr. Filmen handlar om både arbeidet og livet hans.

Det er ein inspirerande film, då han tar for seg dei positive sidene til Steve Jobs og det han oppnår som følger av kompromisslause avgjersler i sitt eige selskap. På mange område er Steve Jobs eit førebilete i korleis målretta arbeid og vektlegging av kvalitet i produktutvikling kunne føre til gode resultat.

Mannen har sine svake sider, men det er ikkje vektlagt i så stor grad her. Og det er greit. Ein film, trass i at han ser på seg sjølv som ein biografi, er fiksjon og treng ikkje svare til alt.

Det skin gjennom at denne filmen ikkje har sete seg noko anna mål enn å fortelje om Steve Jobs og nokon prestasjonar. Det er ingenting som skil seg ut anna enn essensen til dyktigheita som er Steve Jobs. Filmen i seg sjølv er eit middels produkt. Til samanlikning klarte The Social Network, ein annan film sentrert rundt ei suksesshistorie innanfor teknologi, å komme ut av det som ein langt betre film, trass i ein mindre interessant person å basere seg på.

Ei meir begeistra vurdering finn eg hjå Abstracticality (abstracticality.wordpress.com). Skribenten meiner filmen får godt fram Steve Jobs sitt krav om perfekte produkt, og rosar Ashton Kutcher for rolleframføringa. Det er mykje av det eg òg finn interessant ved personen. Eg er likevel mindre overtydd om at filmen sjølv har den same kvaliteten som arbeidet han skildrar.