Hopp til hovedinnhold
Plakat for Joe Kidd (1972)

Joe Kidd

Film
3

Filmen opnar med at Joe Kidd får ei fengselstraff for ulovleg jakt. Så kjem ein mektig landeigar og betalar han fri, i byte mot hjelp til å fange ein revolusjonsleiar. Noko Joe Kidd ikkje vil i utgangspunktet, men etter kvart blir med på.

Filmen er sett i det ville terrenget i High Sierras. Litt villare og prega av fjell, noko som gjer at han blir ein av dei westernfilmane som har det vesle ekstra.

Clint Eastwood spelar hovudrolla som Joe Kidd. Trass lovbrot har karakteren eit slags moralsk kompass. Robert Duvall spelar den mektige landeigaren. John Sturges har regien, og leverer ein stødig film som òg byr på nokre minneverdige scener innimellom.

Filmen er først og fremst underhaldande. Clint Eastwood leverer ein solid prestasjon. Historia er sånn passe førseieleg. Men eg kan sette pris på humoren. Kanskje ikkje filmen å bli introdusert for westernsjangeren med, men verdt å sjå for dei som set pris på sjangeren.

Musikken bidreg også til det vesle ekstra. The DC Review Blog (thedcreviewblog.co.uk) framhevar Lalo Schifrin sitt lydspor som viktig for atmosfæren og spenninga. Omtalen erkjenner at historia er enkel og vendingane føreseielege, men at filmen er sjåverdig likevel. Eg er noko mindre begeistra, men kjenner att vurderinga. Clint Eastwood, landskapet og den stødige utføringa gjer dette til grei westernunderhaldning utan at historia treng å overraske stort.