Hopp til hovedinnhold
Plakat for John Wick (2014)

John Wick

Film
3

Keanu Reeves er ein tidlegare leigemordar som bli dratt inn igjen i den kriminelle underverda. Det er drapet på hunden hans som utløyser sinnet. Hunden er det einaste minne han har etter si avlidne kone. Og i hemntokta skyr han ingen midlar eller mektige motstandarar.

John Wick er ein rett fram actionfilm med nok tøffe scener til at det er godkjent. Keanu Reeves spelar ein typisk stillferdig, men utruleg farleg og dyktig mann. Litt som i ein klassisk western, berre dystrare og valdelegare enn eg har sett western stort sett vere.

Olie Coen på 111 Archer Avenue (111aa.blogspot.com) meiner den antyda underverda gir filmen noko ekstra. Han likar at leigemordarane ser ut til å høyre til eit større miljø med eigne reglar, utan at alt blir forklart. Det er eit fint tillegg til den enkle hemnhistoria. Eg treng ikkje mykje bakgrunn her, men slike små hint gir dei tøffe scenene litt meir særpreg enn ei heilt vanleg rekke oppgjer.

Kanskje er det ingen stor film, og ingen nemneverdig film, men det er heller ingen bortkasta film om du skulle finne på å sjå han.