Hopp til hovedinnhold
Plakat for John Wick: Chapter 3 - Parabellum (2019)

John Wick: Chapter 3 - Parabellum

Film
4

John Wick: Chapter 3 - Parabellum er ein rett fram actionfilm, og ein brutal ein slik sett. Men også svært underhaldande. Med førre film gløymt frå minnet, sette eg i gong med denne. Gløymt fordi eg fann ut i ettertid at eg berre har sett John Wick og ikkje John Wick: Chapter 2.

John Wick: Chapter 3 - Parabellum byrjar rett på sak. Tida renn ut for John, som om ein time vil vere fritt byte i den kriminelle verda. Det er sett ein dusør på 14 millionar amerikanske dollar på å ta knekken på han.

Heile filmen er ei flukt og ein kamp. Og mange drap. Nesten hundre alt i alt på John. Både grusame drap, kreative og vanskelege. Både han og andre oppfører seg i blant som overnaturlege menneske med tanke på alt dei toler. Samtidig får filmen til å skape spenning om kor vidt dette vil gå bra.

Eg forventa mest av alt å bli underhalde, og det blei eg. Eg vil berømme filmen for sin gode flyt. Det går i eit, men eg blir ikkje lei. Det blir vanskelegare etter kvart for John. Og historia i filmen har eit mål å sjå fram mot.

Den enkle handlinga er ein styrke for Douglas Van Hollen på Flickchart (flickchart.com). Han meiner filmen viser at ei rett fram historie godt kan romme oppfinnsame scener og avansert action. Det er mykje av det same eg hadde glede av. Me treng ikkje stadig nye forklaringar når kampane utviklar seg og held oss interesserte i korleis John skal kome seg vidare.

Dette er ein film som tar seg sjølv uhøgtidleg. Motivasjonen til John, som fekk det heile til å starte i første filmen, er at nokon drap hunden hans. Og ut av dette har det kome tre filmar, og ein fjerde kjem i 2021.

Er du glad i reinspikka action på uhøgtidleg vis, kan du få glede av denne.