
John Wick: Chapter 4
Første filmen var grei, ei over middels oppleving som underhaldt nok til at eg blei fekk lyst til å jå John Wick: Chapter 2.
Oppfølgarane, spesielt den andre og tredje filmen, klarte å levere solid underhaldning og heva standarden for serien.
Men dessverre må eg seie at John Wick: Chapter 4 framstår som det svakaste leddet i filmserien.
Som før er det rikeleg med skyting, men dessverre tilfører det ingenting for meg denne gongen. Kreativitet i kampscenene er sjeldan å sjå, med unntak av nokre få augeblikk.
Kampscenene får ei nesten motsett vurdering frå Brian Tallerico på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han meiner dei klare måla gir rom for oppfinnsam koreografi, og at farten held dei lange kampane levande. Nokre scener kunne etter hans syn vore kortare, men heilskapen begeistrar. Eg ser kvaliteten i gjennomføringa, men for meg manglar driven og engasjementet som skulle gjort all skytinga verdt tida.
Mellom actionscenene blir filmen for det meste kjedeleg og manglar den nødvendige driven.
Den langdryge speletida på to og ein halv time gjer opplevinga ekstra utfordrande og det kjennest langdrygt.
Handlinga dreier seg om John Wick som blir jagd, og han må finne ei løysing for å reinske seg i auga til Dei høge herrane. Han har nokon allierte med seg, og me ser han i mang ein intens kamp. Dessverre gir filmen oss ikkje mykje meir å glede oss over.
John Wick: Chapter 4 evnar ikkje å engasjere meg eller appellere til mine kjensler på noko punkt. Eg blir likegyldig til karakterane og hendingane som utfaldar seg.
Fotografiet, lyden og nokre andre tekniske sider held ein viss standard. For meg er det berre eit minimumskrav.
Sjølv om det er planlagt ein John Wick: Chapter 5, har eg no bestemt meg for å gi meg. Har du ikkje sett John Wick: Chapter 4, kan eg trygt råde deg til å halde deg unna.
