Hopp til hovedinnhold
Plakat for Johnny Guitar (1954)

Johnny Guitar

Film
4

Johnny Guitar stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm, og er ein westernfilm som er lett å like for både westernglade og filmglade generelt.

Dei sterke sidene til filmen er sterke kvinneroller, tøffe folk med pistolar og tøffe replikkar, ei enkel bakgrunnshistorie som gav filmen ein ekstra dimensjon, og eit effektfullt og tydeleg skilje mellom godt og vondi.

På Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com) blir den første halvdelen i saloonen trekt fram som det beste. Skribenten meiner samspelet mellom Joan Crawford og Sterling Hayden gnistrar, og ser eit mørkt kammerdrama under westernkleda. Det er ein interessant inngang til mykje av det eg likar ved filmen. Dei tøffe replikkane har personar og motsetnader bak seg, slik at samtalane blir ein like viktig del av drivet som pistolane.

Balansen mellom humor og action er god. Humoren kom i form av lett gjenkjennelege, men gode klisjear i form av gode replikkar, som skapte glede og latter.

Filmen var forholdsvis mellomlang, men gjekk unna, med høgt tempo og godt driv gjennom heile.