
Joshuu 701-gô: Sasori
Eg trur ikkje om eg hadde høyrt om Female Prisoner 701: Scorpion før, iallfall ikkje lagt merke til filmen, men no kjem eg ikkje til å gløyme filmen han med det første.
Meiko Kaji er i hovudrolla som Nami Matsushima, ei kvinne som blir forrådd av politimannen ho elskar og sendt i fengsel. Derifrå søker ho hemn. Det gir filmen eit tematisk tyngdepunkt. Her handlar det om rettferd, sjølv om retninga og metodane hennar er rå.
Filmen har ei tydeleg framstilling som er dryg og overdriven. Det fungerer fordi han ikkje prøver å gøyme det. Nami hamnar i eit kvinnefengsel. Fengselet er fullt av sadistiske fangevaktarar og ulydige fangar. Det er ikkje overdrive til dei grader. Men det er òg visuelt framstilt. Arbeidet med kameravinklane, fargane og lyset gir dette eit ekstra preg. Så det unngår å sjå ut som billeg expolotation.
Det visuelle er òg avgjerande for Jim McLennan på Girls With Guns (girlswithguns.org). Han meiner at fargebruken, kameravinklane og det nesten ordlause skodespelet til Meiko Kaji løftar filmen over mykje anna i denne sjangeren. Det passar godt med inntrykket mitt. Uttrykket er overdrive, men det gjer Nami sitt sinne og motstand tydelegare. Filmen har meir å by på enn vald og nakne kroppar.
Meiko Kaji er god. Nami er nesten stum gjennom heile filmen. Meiko Kaji treng ikkje replikkar for å stikke seg ut i scenene ho er med i. Det ligg i blikket og kroppsspråket. Ho er tydeleg på kva ho tenker.
Det er ikkje alltid ho reagerer på det som skjer mot ho eller rundt ho. Det gjer alt som skjer ekstra sterkt.
Filmen balanserer godt mellom å vere dryg og underhaldande. Det er vald og nakenheit. Det er fangevaktarar som oppfører seg som monster. Det er sjokkerande, men det ligg noko bak det, så det blir ikkje berre for sjokkeringseffekten.
Female Prisoner 701: Scorpion traff meg overraskande godt. Det er noko med kombinasjonen av stil, ei god rolletolking og eit tydeleg tema som hevar filmen.
