
Judgment at Nuremberg
Med sine tre timar kan Judgment at Nuremberg skremma på førehand som eit potensielt eviglangt rettsdrama. Tre timar tyder derimot på at Stanley Kramer har kunne gå i djupna og forma filmen slik at det ikkje vert eit hastverk mellom korte argument og ein felt dom.
Judgment at Nuremberg vert god nettopp fordi han kan bruke tida på å bygge seg opp og krypa under huda. Både den tyske og den amerikanske advokaten får sagt sitt. Ingen blir favoriserte på grunn av klientane sine. Spørsmåla om behandlinga av brotsverk gjorde av enkeltmenneske i krig kjem fram. Det gjer dette til ein utruleg god film.
Spørsmålet om personleg ansvar blir framheva på Note Today my Blog (thenoteday.wordpress.com). Omtalen meiner filmen er sterk fordi han både opnar for dei store samanhengane og held fast ved ansvaret for eigne val. Det er ei viktig side ved djupna eg set pris på. Når motargumenta får tid og plass, kan filmen vise kor vanskeleg vurderinga er utan å gjere brotsverka mindre alvorlege.
