Med sine tre timar kan Judgment at Nuremberg skremma på førehand som eit potensielt eviglangt rettsdrama. Tre timar tyder derimot på at Stanley Kramer har kunne gå i djupna og forma filmen slik at det ikkje vert eit hastverk mellom korte argument og ein felt dom.
Judgment at Nuremberg vert god nettopp fordi han kan bruka tida på å byggja seg opp og krypa under huda. At både den tyske og amerikanske advokaten får sagt sitt, at ingen vert favoriserte, trass i klientane sine, og at alle spørsmåla rundt handsaming av brotsverk gjort av einskildmenneske i krigssamanheng kjem fram, gjer dette til utruleg god film.