Den norske filmen Julekongen frå 2015, held fram historien der julekalenderserien Julekongen slutta tre år i forvegen. Filmen går også under namnet Julekongen – Full rustning, på grunn av undertittelen sin.
Tilbake er mange av dei same skodespelarane. Men denne gongen er det søstera til Kevin, hovudrolla i serien, som er mest sentral. Kanskje i lag med faren i familien, spelt av Bjarte Tjøstheim.
Mens serien handla om ein hanske, så handlar filmen om full rustning. Og stort meir av handlinga vil eg ikkje røpe. Filmplakaten viser elles dei sentrale karakterane, så er du kjent med serien, så kan du kanskje tenke deg til forløpet.
Det viktige for meg som ein vaksen sjåar er ikkje spenninga og dramatikken, men humoren. Filmen har humor på nivå med serien, og det er høgt. Det er festleg på den måten, og det er ein stemningsrik film. På begge sider av portalen mellom eventyrverda og vår verd er det skapt miljø med særpreg som eg set pris på.
Som ein siste ting før eg rundar av, så kan eg poengtere at den største forskjellen mellom filmen og serien er tempo og detaljar. Filmen har høgare tempo, mens serien har meir tid til fornøyelege detaljar. Det går an å sjå begge deler, men eg trur også at filmen kan fungere greitt på eigne bein om du ikkje vil sjå ein heil serie.