Julie & Julia - Filmdagbok

Julie & Julia 2009

Julie & Julia blei ein umiddelbar favoritt som den romantiserande filmen om mat, og vel, romantikk, som han er.

Nora Ephron er ein meister som regissør i denne sjangeren, og har fått med seg Amy Adams og Meryl Streep i dei sentrale rollene.

Det handlar om ei ung kvinne, Julie, som vil lære seg å lage mat. Og til dette bruker ho kokeboka til ei viss Julia Child. Oppskrift for oppskrift blir gått gjennom, og skrive om på ein matblogg.

Det er tradisjonelle oppskrifter som ikkje skyr gode ingrediensar som smør og fløyte. Og med skikkeleg mat, og ikkje berre fancy dekorasjonar, blir lysten etter å lage og ete noko godt stor mens eg ser Julie & Julia. Det er rett og slett ein inspirerande film om mat som er verdt å sjå.