
Jungfrukällan
Jungfrukällan er ein svensk film regissert av Ingmar Bergman. Handlinga føregår i middelalderen. Det handlar om ei venneleg ung jente som blir valdteken og drepen av to gjetarar. Foreldra hennar blir fylte av sorg og sinne, og bestemmer seg for hemne det når dei oppdagar kva som har hendt.
Eg tykkte at Jungfrukällan var ein intens og tankevekkande film. Det er mange interessante tema her. Og framstillinga er litt teatralsk, litt magisk og litt mystisk. Ingmar Bergman er god på å undersøke ulike delar av sinnet til menneske. Her er det mørke sider som blir studert, utan at filmen er særleg dyster heller. Kanskje filmen krev tolmod, men han gir mykje tilbake til den som ser han meiner eg.
Det magiske uttrykket kan òg sjåast som ein del av alvoret. Jake Hinkson på The Night Editor (thenighteditor.blogspot.com) trekker fram korleis lyset til Sven Nykvist får verda til å verke både verkeleg og uverkeleg. Han les filmen som ei likning om skuld og forsoning, der det brutale gjer det avsluttande underet sterkare. Det passar godt med mi oppleving av ein film som undersøker mørke sider gjennom noko både teatralsk og mystisk.
