
Jungle Cruise
Film
3
Eg likte Jungle Cruise godt ei god stund, før han byrjar å hale ut tida og spe på med altfor omfattande actionsekvensar. Det gjekk i frå å handle om karakterane, dynamikken dei i mellom og det eventyrlege, til å bli eit effektstyrt skode. Hadde filmen gitt seg halvveges så ville dette ha vore ein god film. Men han enda dessverre opp som midt på treet og søvndyssande.
Ben Sears på The Obsessive Viewer (obsessiveviewer.com) finn også moro i eventyret og rosar skodespelarane, men saknar ei kjensle av verkeleg fare og undring i den kunstige verda. Det er eit godt tillegg til mi eiga innvending. Når effektane tek over, blir det vanskelegare å halde på det nære samspelet som gjorde byrjinga så lovande.
