
Junior
Arnold Schwarzenegger vert gravid i ein av desse snodige komediane han endå opp i på 1990-talet.
Eit forskingsprosjekt vert nedlagt. Hesse og Arbogast forska på ein medisin som skulle redusere sjansen for at graviditeten til kvinner feila. For å drive prosjektet vidare, gjer dei den mannlege Hesse gravid. Komplikasjonar oppstår når han emosjonelt knyt seg til barnet.
Sjølv om dette kan verte dårleg, så kan det ikkje verta dårleg når Arnold Schwarzenegger vert gravid. Og når Danny DeVito er med. Radarparet gjentek det gode samarbeidet dei hadde i 1988 med Twins, sjølv om denne filmen ikkje er så god som han.
Brandon Ledet på Swampflix (swampflix.com) meiner også Twins er den betre komedien, men blir mest slått av kor alvorleg det merkelege påfunnet blir spela. For han er det fleire forvirrande kjensler enn gode vitsar i ein gravid Arnold Schwarzenegger. Eg har lettare for å kose meg med sjølve ideen. Med Danny DeVito ved sida av er det framleis noko å hente i dette umake paret.
