Arnold Schwarzenegger vert gravid i ein av desse snodige komediane han endå opp i på 1990-talet.
Eit forskingsprosjekt vert nedlagt. Hesse og Arbogast forska på ein medisin som skulle redusera sjansen for at graviditeten til kvinner feila. For å driva prosjektet vidare, gjer dei den mannlege Hesse gravid. Komplikasjonar oppstår når han emosjonelt knyt seg til barnet.
Sjølv om dette kan verta dårleg, så kan det ikkje verta dårleg når Arnold Schwarzenegger vert gravid. Og når Danny DeVito er med. Radarparet gjentek det gode samarbeidet dei hadde i 1988 med Twins, sjølv om denne filmen ikkje er så god som han.