Jurassic World - Filmdagbok

Jurassic World 2015

Jurassic World er ein fornøyeleg spenningsfilm som er litt for i overkant på nokon område til å verkeleg slå an.

Det handlar om ein fornøyelsespark på ei øy, med dinosaurar. Ein genspleisa dinosaur rømmer frå innhegninga si, og må til livs.

I grunn er det ein tradisjonell storfilm, med kjente problem, karakterar og løysingar. Det er ei glede å sjå at fleire oppbrukte klisjear og forventingar møtes direkte og blir erstatta med andre val. Eksempelvis forventa eg nokon konfliktar, som heller blir løyst med ein gong. Andre ting kan vere korleis filmen tar små oppgjer mot norma om at kvinner er eit svakare kjønn.

Det som trekk ned er at filmen ikkje klarar å gjere desse smarte avgjerslene over heile linja. Ein del idiotiske val blir tatt av karakterane i heta til kampen, som ikkje heng på greip med tanke på kor oppegåande dei er tidlegare. I ein klimatisk actionsekvens er ei gruppe på fire berre få meter unna alvoret, og evnar ikkje å trekke seg lenger unna. Dette varer i mange minuttar, flyttar seg, men dei er alltid like ved. Det er ein logisk brest i kva som er normal oppførsel i den etablerte verkelegheita til filmen.

Dette er stort sett pirk. Alt i alt synest eg denne filmen har meir for seg enn mange andre nyare påkosta underhaldningsfilmar. Filmen har for eksempel karakterar eg kan interesse meg for. Det er ikkje gitt i alle dei nyare storfilmane. Eit stikk i sida til Marvel her.