Hopp til hovedinnhold
Plakat for Just Before I Go (2015)

Just Before I Go

Film
3

Ein 41-åring meiner livet hans ikkje har meining, og bestemmer seg for å oppsøke fortida før han tar livet av seg.

Seann William Scott er hovudpersonen i dette lette og humoristiske dramaet som klarer å smette inn tema som sjølvmord, homofili, Downs syndrom, død og familietrøbbel. Dette utan at filmen på nokon måte blir tung eller blir opplevd som ein film med preikande agenda, og utan å ta for lett på problema innanfor temaa som er tatt opp.

Det er Just Before I Go sin største styrke. Ei anna god greie her er karakterane, som fint navigerer forbi stereotypar og klisjear, men som du veit har det kjente som inspirasjon.

Courteney Cox gjer med dette ein god regidebut. Det manglar perfeksjon, originalitet eller sterkare kjensler før det blir knallbra, men er absolutt innanfor det eg ser på som god film.

Seann William Scott får også ros av Liam Heffernan på La La Film (lalafilmltd.wordpress.com). Han meiner den nedtona framføringa gir hovudpersonen ein truverdig sjarm, og at Courteney Cox stort sett flettar dei meir absurde innslaga inn i dramaet med omtanke. Han er endå meir begeistra enn eg er. Eg ser dei same styrkane, særleg at filmen kan vere lett utan at karakterane og problema deira berre blir til vitsar.