Eg gir meg aldri med romantiske komediar, likevel om dei sjeldan lev opp til forventingane mine etter å ha sett filmtrailerane. Just Friends er ingen unntak, det er ein gjennomsnittleg film som så mange andre i sjangeren.
Just Friends er litt morosam innimellom, han har eit par sjarmerande karakterar, men fell for fort i opptrakka spor, klarar aldri å skape interesse for sjølve historia og endar opp midt på treet som ein litt kjedeleg, men heilt grei søndagsfilm.
Ryan Reynolds klarar ikkje å vaske av seg slimet og veks ikkje nok i løpet av filmen. Vanlegvis er Ryan Reynolds ein grei skodespelar. Blant anna som Berg i Two Guys, a Girl and a Pizza Place er han ganske kul. Amy Smart er den kjedelege kjærleiksinteressa han går etter.
Det er små glimt av ein usympatisk Chris Klein og ei sprø Anna Faris som livar dette opp og skapar dei minneverdige augneblinkane til filmen. Den gale popsongarinna Samantha James, musikken, slutten, slåsting, alt!
Ryan Reynolds klarar seg fint i Harold & Kumar Go to White Castle og i Van Wilder. Men at han takka ja til denne rolla må vere utelukkande for pengane.
Kva som fekk meg til å sjå filmen bortsett frå ein morosam filmtrailer? Skodespelarane og det stadige håpet om å komme over noko betre. Men denne filmen er som mange andre full av klisjear frå ein ende til annan.