Hopp til hovedinnhold
Plakat for Just One of the Guys (1985)

Just One of the Guys

Film
3

Terry er blant dei penaste og mest populære jentene på skulen. Når ho vil hevde seg i ein konkurranse mellom journalistar i lokale skuleaviser, er inntrykket hennar at utsjånad blir eit hinder for at ho skal bli teken seriøst. Det er på tide å kle seg om.

Ein hårklypp og herreklede er alt som skal til for å forvandle vakre Terry (Joyce Hyser). Etter kvart følger byte av skule og nye venner. Det blir fort klart at filmen vil vise ungdom at ting ikkje alltid er slik dei trur. Passe gøy er det uansett. Terry hamnar i ein del kniper som krev glupe eller frekke utvegar, og slikt blir det komedie av.

Som med mykje ungdomskomedie går ikkje dette så djupt, og utfoldinga av handlinga ligg aldri langt unna det forventa. Det blir heller aldri eit minus, for filmen legg ikkje spesielt vekt på overraske. Den enkle handlinga kring kjønnsskifte med tanke på utkledning er åleine godt nok til å bere ein film av denne sorten.

Enkel moro og ein komedie som har noko den vil seie, som trekk litt opp, sjølv om eg ikkje ser på bodskapen som noko nytt for min del. Artige karakterar og ein del episodar som gjer inntrykk undervegs, reint komisk sett.

Det enkle opplegget er ikkje nok for A.J. Hakari på CineSlice (cineslice.wordpress.com). Han meiner filmen følger dei venta klisjeane utan å vere særleg morosam, sjølv om han rosar Joyce Hyser og samspelet hennar med broren. Eg er meir fornøgd med den lette underhaldninga. Der føreseielegheita blir eit hinder for han, synest eg forkledinga og dei komiske knipene gir nok å more seg over.