
Just the Way You Are
Just the Way You Are er blant dei få Hallmark-filmane frå nyare tid kor ei kvinne poserer åleine på plakaten, i forgrunnen. I bakgrunnen er saka ei anna.
Denne filmen med Candace Cameron Bure og Ty Olsson i hovudrollene handlar om eit vakse par som må gjere ein ekstra innsats for å gjenopplive romantikken i sitt forhold.
Dei har begge jobbar som krev mykje, og har over tid glidd inn i ein rutine som handlar for mykje om å få timeplanen til å passe, enn å vere spontane og merksame på kvarandre.
Just the Way You Are har inga sterk historie som driv det heile, og heller ingen inspirerande mål som kan knyte filmen som ein heilskap. Det blir difor ein film som allereie nokon dagar etter nesten har gått i gløymeboka.
Det eg saknar mest av alt er sterkare kjensler, som eg tenker er dei primære verkemidla til Hallmark-filmane. Når det blir fråvær av dette, slit eg med å finne så mykje glede i filmen. Unntaket er nok humoren i nokon klisjeane.
Det vakse forholdet fungerer langt betre for Rissi JC på RissiWrites (rissiwrites.com). Ho likar at romantikken handlar om å finne tilbake til kvarandre, og meiner at Candace Cameron Bure og Ty Olsson har ei varm og avslappa kjensle av å kjenne kvarandre godt. Eg ser verdien i utgangspunktet, men får ikkje dei sterke kjenslene eg saknar. For meg blir det meir ein idé enn ei historie som grip tak.
