
Justice League: Crisis on Two Earths
I fire år no har Warner Bros. og DC Comics levert animasjonsfilmar i serien DC Universe Animated Original Movies. Alle står det om på Filmdagbok.
Justice League: Crisis on Two Earths er den andre filmen i serien som handlar om Justice League. Laust basert på teikneserien JLA: Earth 2 av Grant Morrison, går handlinga føre seg etter et møte mellom superkrefter i to parallelle univers.
Då filmen i større grad består av kampar mellom to eller fleire superkrefter, blir ei oppsummering av handlinga ei urettferdig avsløring, ovanfor dei som skulle ønske å sjå filmen. Så lat meg dreie dette over mot animasjonen og filmen i heilskap, om han er tilfredsstillande sett opp mot forventingane av ein animasjonsfilm som er komen rett på video.
Som med dei andre filmane i serien er denne kort, og tempoet er høgt heile vegen. Kampane er mange, og ikkje så dramatiske, men på tvers av desse er det eit driv i handlinga. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er hovudtrekka i historia som gjer dette til ein grei film, er kombinasjonen av ein klassisk kamp mot det vonde ikkje å fornekte, når detaljane i oppbygginga av historia er på plass. Slik er Justice League: Crisis on Two Earths, og slik har dei fleste DC Universe Animated Original Movies-filmane vore. Historiene er tilsynelatande enkle, men laga med omhug for karakterane og logikken i fiksjonsuniverset der handlinga går føre seg.
Konklusjonen får bli at dette er ein grei animasjonsfilm, som faktisk klarer å oppnå det og vere ein film, framfor å verke som ein lang episode frå tv. Han svarar til forventingane eg hadde kring prosjektet, men var då heller ikkje den filmen eg venta mest på i DC Universe Animated Original Movies, og heller ikkje den beste så langt.
Christopher L. Bennett på Written Worlds (christopherlbennett.wordpress.com) finn heller ikkje ei spesielt djup historie her, men rosar dei kvikke replikkane og den flotte animasjonen. Han landar på at dette fungerer godt som rein underhaldning. Det ligg nær mi eiga vurdering. Filmen treng ikkje vere den beste i rekka for å fungere når kampane, figurane og framdrifta held godt nok saman.
