Justice League: Crisis on Two Earths - Filmdagbok

Justice League: Crisis on Two Earths 2010

I fire år no har Warner Bros. og DC Comics levert animasjonsfilmar i serien DC Universe Animated Original Movies. Alle står det om på Filmdagbok.

Justice League: Crisis on Two Earths er den andre filmen i serien som handlar om Justice League. Laust basert på teikneserien JLA: Earth 2 av Grant Morrison, går handlinga føre seg etter et møte mellom superkrefter i to parallelle univers.

Då filmen i større grad består av kampar mellom to eller fleire superkrefter, blir ei oppsummering av handlinga ei urettferdig avsløring, ovanfor dei som skulle ønske å sjå filmen. Så lat meg dreie dette over mot animasjonen og filmen i heilskap, om han er tilfredsstillande sett opp mot forventingane av ein animasjonsfilm som er komen rett på video.

Som med dei andre filmane i serien er denne kort, og tempoet er høgt heile vegen. Kampane er mange, og ikkje så dramatiske, men på tvers av desse er det eit driv i handlinga. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er hovudtrekka i historia som gjer dette til ein grei film, er kombinasjonen av ein klassisk kamp mot det vonde ikkje å fornekte, når detaljane i oppbygginga av historia er på plass. Slik er Justice League: The Crisis on Two Earths, og slik har dei fleste DC Universe Animated Original Movies-filmane i serien vore, tilsynelatande enkle historier, gjort med omhug med tanke på karakterar og ein logikk i fiksjonsuniverset, der handlinga går føre seg.

Konklusjonen får bli at dette er ein grei animasjonsfilm, som faktisk klarer å oppnå det og vere ein film, framfor å verke som ein lang episode frå tv. Han svarar til forventingane eg hadde kring prosjektet, men var då heller ikkje den filmen eg venta mest på i DC Universe Animated Original Movies, og heller ikkje den beste så langt.