Hopp til hovedinnhold
Plakat for Justice League: Gods and Monsters (2015)

Justice League: Gods and Monsters

Film
4

Den tredje DC Universe Animated Original Movies-film i år er ein alternativ Justice League-film. Med det meiner eg at me er i eit alternativt univers, der me følger tre svært så ulike versjonar av Superman, Batman og Wonder Woman. Blant anna er general Zod den biologiske faren til Superman.

Eg hadde ingen aning om at denne historia fanst, og blei positivt overraska. Dette opnar for at alt er nytt, og alle tidlegare kjente personar har andre personlegdommar enn eg er van til.

Denne versjonen av Justice League har eit anstrengt forhold til innbyggarane i Metropolis, og når fleire kjente vitskapsmenn blir drepe med sverd, laser og vampyrbit (Batman i dette universet er ein vampyr), så blir spenninga høgare.

Filmen er kort med sine 75 minuttar. Det er ingen grunn til å dra ut historia. Det er eit bra tempo og driv. Sjølvsagt er det mykje action, då dette er hovudingrediensen i filmane frå DC Universe Animated Original Movies, men det er også plass til bakhistorie, forklaringar og nødvendig karakterbygging.

Bakgrunnshistoriene fungerer mindre godt for skribenten på Shaman of Animation Blogs (shamanofanimation.blogspot.com). Omtalen likar det nye universet, men meiner tilbakeblikka bremsar framdrifta. Eg opplever dei heller som nyttige stopp på vegen. Når desse figurane først er så annleis enn dei eg kjenner, set eg pris på å få sjå kva som ligg bak, utan at filmen bruker spesielt lang tid på det.

2015 har vore eit godt år for denne filmserien, og avsluttinga i form av Justice League: Gods and Monsters er ei anbefaling til teiknefilm,- og superheltefans.