Justice League: Gods and Monsters - Filmdagbok

Justice League: Gods and Monsters 2015

Den tredje DC Universe Animated Original Movies-film i år er ein alternativ Justice League-film. Med det meiner eg at me er i eit alternativt univers, der me følger tre svært så ulike versjonar av Superman, Batman og Wonder Woman. Blant anna er general Zod den biologiske faren til Superman.

Eg hadde ingen aning om at denne historia fanst, og blei positivt overraska. Dette opnar for at alt er nytt, og alle tidlegare kjente personar har andre personlegdommar enn eg er van til.

Denne versjonen av Justice League har eit anstrengt forhold til innbyggjarane i Metropolis, og når fleire kjente vitskapsmenn blir drepe med sverd, laser og vampyrbit (Batman i dette universet er ein vampyr), så blir spenninga høgare.

Filmen er kort med sine 75 minuttar. Det er ingen grunn til å dra ut historia. Det er eit bra tempo og driv. Sjølvsagt er det mykje action, då dette er hovudingrediensen i filmane frå DC Universe Animated Original Movies, men det er også plass til bakhistorie, forklaringar og nødvendig karakterbygging.

2015 har vore eit godt år for denne filmserien, og avsluttinga i form av Justice League: Gods and Monsters er ei anbefaling til teiknefilm,- og superheltefans.