Hopp til hovedinnhold
Plakat for Justice League: The New Frontier (2008)

Justice League: The New Frontier

Film
3

Justice League: The New Frontier er den andre filmen i rekka av samarbeidsproduksjonar mellom DC Comics og Warner Bros. Planen er at DC Universe Animated Original Movies, som serien av filmar heiter, skal komme med 2–3 nye filmar kvart år. Hittil er det Superman: Doomsday som eg nyleg har sett og denne filmen her som har blitt lansert.

Forutan å vere knytt til det same superhelteuniverset har ikkje filmane all verda til felles, Superman og Lois Lane som går igjen i begge dei to filmane hittil både ser annleis ut og har andre stemmer. Produksjonsmetoden er lik, men teikninga er annleis her. I følge Wikipedia har denne filmen vore truverdig mot stilen i originalteikneserien han er basert på, DC: The New Frontier, med sine firkanta fingrar, musklar og kjevar. Dette er med på å bidra til å gi filmen eit tidsmessig korrekt preg då denne stilen gjerne er noko eg knyt til eldre teikneseriar, og historia her går føre seg på 1950-talet.

Justice League: The New Frontier gir tidsepoken djupne gjennom meir enn teikningane. Historia, karakterane, heltesynet og dei mange små detaljane får meg inn i eit kjent modus. Det er mykje den same kjensla eg får når eg blar gjennom gamle superheltblad. Trass i det at teikneserien filmen er ein adapsjon av ein teikneserie som kom ut mellom 2003 og 2004.

Med tanke på handlinga leverer dette i både pose og sekk. Her skjer det nok heile vegen, som med 70 minuttar er knapt. Men filmen er likevel lang nok. Det blir gitt god tid til oppbygging og dei viktigaste karakterane i Justice League får verdige introduksjonar. Ein felles fiende som eg skal unngå å røpe noko meir om er det naturlege samlingspunktet som sidan utviklar seg til å bli senteret for det høgaste punktet på spenningskurva.

Justice League: The New Frontier manglar litt futt i kantane, men framstår som ein meir komplett og vaksnare film enn forgjengaren i serien. At han skal gripe tak i så mykje som han gjer er både positivt og negativt, det gjer at det ikkje finst eit dødpunkt i filmen, men gjer også at historia hoppar litt fort fram i blant.

Den travle forteljinga blir eit langt større problem for Jonathon Wilson på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han meiner filmen liknar ei forkorta utgåve av teikneserien, der mange av ideane blir ståande uutforska. Finalen fungerer derimot godt også for han. Eg ser at historia stundom hoppar fort, men for meg gir både tidskoloritten og introduksjonane til heltane meir enn berre venting på den siste store kampen.