
Juyuso seubgyuksageun
Katakombefilm-film nummer seks var den siste på programmet, og han var litt verre å følge med på etter ein lang dag med filmar. Fleire i publikummet hadde sovna, og eg var ikkje langt i frå det sjølv. Det seier seg sjølv at etter 12–13 timer film så vil kroppen gjerne finne på litt anna, som å sove.
Filmen er ikkje dum han, men blir i lengste laget uansett trur eg. Ideen er artig, men blir fort brukt opp, og resten av filmen blir derfor berre dratt ut. Valden, karakterane og handlinga generelt er til tider ganske sjukt, men vart ikkje så sjukt at det vart spesielt.
Manfred Selzer på AsianMovieWeb (asianmovieweb.com) blir heller ikkje overtydd om at dette er eit komisk meisterverk, men finn mykje sjarm i dei fire hovudfigurane og samspelet rundt dei. Han meiner personane gjer meir av opplegget enn premissen åleine skulle tilseie. Der held ikkje filmen like godt for meg. Ideen er artig, men blir for fort brukt opp, og dei mange rare situasjonane klarar ikkje å halde interessa gjennom heile speletida.
På engelsk heiter filmen Attack of the Gas Station.
