Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kabul Express (2006)

Kabul Express

Film
4

Kanskje favorittfilmen min under filmfestivalen Katakombefilm i 2007. Indiske Kabul Express handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywood-stjerner. Det er ikkje ein typisk Bollywood-film. Fråvær av tradisjonelle songnummer og ei lengd på ein og ein halv time er uvant.

Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på rekning av ei god stemning, eller at det vert noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre partar.

Den positive menneskekjensla får også ros på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Fred Ut meiner komikken lar personane vere meir enn representantar for kvar si side, men peikar også på ei stereotyp framstilling av ei folkegruppe som ei alvorleg innvending. Det nyanserer inntrykket mitt av ein film som unngår det einsretta. Gleda over tonen og perspektivet kan godt stå ved lag, samtidig som ikkje alle framstillingane er like opne.