Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kairo (2001)

Kairo

Film
3

Kairo er den japanske skrekkfilmen som amerikanske Pulse er ein ny versjon av. Til forvirring blir også denne japanske filmen kalla Pulse på engelsk. Oversett betyr tittelen akkurat det same som sin fjerne amerikanske slektning, og er ein av dei få likskapane desse filmane delar. Ein annan er raud lerretteip.

For å dra ei godt brukte frase, desse filmane er som natt og dag. Dei er vidt ulike på nesten alle område, og eg kan ikkje komme utanom å samanlikne. Det er dessutan ein god måte å trekke fram kva som er bra med Kairo.

Pulse var ein film som febrilsk prøvde å leite etter ei form for logikk bak hendinga. Han spelte på fancy effektar og digitalt bilde, brå sekvensar og ny teknologi.

Kairo er langsam, og har ingen scener som gjer at eg skvett. Eg var derimot nære ved å ta meg ein pause for berre å gå rundt og hente meg inn igjen.

Tom Mes på Midnight Eye (midnighteye.com) meiner romma rundt personane er ein aktiv del av uhygga. Bakgrunnar og skuggar får vekt, slik at menneska ikkje kan skiljast frå den kalde og einsame verda dei er i. Det gir ei god forklaring på kvifor denne filmen skremmer meg utan brå hopp. Uroa ligg ikkje berre i det som snart kan dukke opp. Ho ligg òg i kjensla av at heile miljøet har blitt framandt og utrygt.

Dette er ein typisk japansk grøssar der heile filmen er trykkande og nervepirrande, og det er jo det som er tingen med skrekkfilm. Her er ingen heltar som skal finne ei løysing. Ligg det kanskje meir i japanarane sin kultur å godta ting som dei er? Eg veit ikkje, men det verkar sånn, og det gjer seg godt i ein skrekkfilm.

Sarte sjeler bør halde seg unna, dette er eit drøss med grøss. Eg vart skremt.