The Battle against Rome tar for seg historia om Arminius, ein mann som vann over tre romerske legionar i dei germanske skogane under tida til keisar Augustus.
Arminius blei tatt frå sin familie og oppfostra i Roma, indoktrinert i romerske skikkar, og blei etter kvart ein god soldat som general Varus stola på. Varus var han som leia legionene som leid under det overraskande sidebytte til Arminius.
Dette er ein dokumentarisk prega sak som stort sett viser intervju med historikarar og gjenskapte scener. Deler av det ser ut til å vere basert på historie, mens mykje framstår som spekulasjon. Det er vanskeleg å få meir ut av dette enn dei store linjene, men dei er då interessante. Og då betyr det lite at mange viste detaljar umogleg kan ha blitt basert på nedskrive fakta. Og at produksjonen bleiknar i lys av dyrare filmatiseringar, noko denne sjangeren gjerne har ved seg.