
Kate & Leopold
Kate & Leopold er ein romantisk komedie frå 2001 med Meg Ryan og Hugh Jackman, som blander fantasielement inn for å få sin eigen vri på historia.
Naboen og ekskjærasten til Kate (Meg Ryan) har funnet ein anomali som er ein portal i tid mellom 1876 og 2001. Ufrivillig med seg tilbake frå ein tur dit har han Leopold (Hugh Jackman).
Leopold og Kate som personar går ikkje umiddelbart i lag. Og Leopold har også små tilpassingsproblem, samtidig som han har eit reflektert, danna og roleg syn på livet. Det utviklar seg etter kvart ein kjemi mellom desse to karakterane.
Kate & Leopold er solid, og to timar er ikkje for lenge. Tid er eit interessant konsept på film, og det er ingen unntak her. Det endar ikkje opp som noko nytt eller fantastisk, men det forventar eg heller ikkje.
Tidsreisa fungerer også som ein måte å sette ulike personlegdommar opp mot kvarandre på. Skribenten bak Ladylavinia1932’s Blog (ladylavinia1932.wordpress.com) likar balansen mellom romantikk, kynisme og humor, og meiner karakterane har fleire sider enn dei vanlege romantiske typane. Det er eit godt poeng. Eg ventar ikkje ei nyskapande forteljing, men set pris på at møtet mellom Kate og Leopold får vere meir enn berre ei rekke vitsar om at han kjem frå ei anna tid.
