
Katy Perry: Part of Me
Katy Perry: Part of Me er ei blanding av konsert- og dokumentarfilm. Me følger Katy Perry på hennar California Dreams World-verdsturne, i samband med albumet Teenage Dream.
Det er mykje musikk, og sidan eg likar Katy Perry så er dette festlig. Ho har eit fargerikt og varierande konsertshow. Innslaga frå bak kulissene handlar om hennar personlege tilvære og utfordringar, spesielt med tanke på hennar litt vanskelege kjærleiksliv på den tida.
Det går ikkje for djupt, og er mest gode innslag for å bygge opp rundt korleis det er å lage eit omfattande show på ein verdsturne.
Skribenten på Filums (filumreviews.blogspot.com) saknar meir av Katy Perry bak dei rosande intervjua og showet. Sjølv innslaga om samlivsbrotet blir opplevde som eit lite glimt framfor eit djupt portrett. Eg har meir glede av musikken enn denne omtalen gir uttrykk for, men er samd i at dokumentarbiten ikkje går særleg langt. Då blir kor lenge me vil sjå konserten, ganske avgjerande for utbyttet.
Konserter er ikkje nødvendigvis den største greia for meg, og det pregar nok min oppleving av Katy Perry: Part of Me i lengda. Ein og ein halv time er litt for lenge å sitte samanhengande å sjå ein konsert på film. Eg er større fan av å lytte til eit studioalbum.
