Hopp til hovedinnhold
Plakat for Katy Perry: The Prismatic World Tour Live (2015)

Katy Perry: The Prismatic World Tour Live

Film
3

Katy Perry: The Prismatic World Tour Live er en konsertfilm frå verdsturnéen til Katy Perry. Konserten i filmen er frå Sydney i Australia, og er eit fargerikt show med ein del musikk frå Prism-albumet, og innslag frå tidlegare.

Det er ikkje stort å seie om ein konsertfilm. For dei som likar Katy Perry er dette stort sett bra, med fleire høgdepunkt undervegs. Men det er også enkelte langdryge stunder innimellom. Ettersom eg var på Oslo-konserten i mars var det artig å gjenoppleve eit identisk show på film, der det faktisk gjekk an å sjå kva som skjedde på scena. Det var vanskeleg i Oslo.

Alt i alt har eg meir sans for musikken enn showet, og likar heller albumversjonane enn live. Men med delar av showet klarar Katy Perry fint å engasjere, så totalen blir ei smått overraskande positiv oppleving. Trass i ei positiv innstilling i utgangspunktet.

Dw. Dunphy på Popdose (popdose.com) meiner nesten det motsette av meg om forholdet mellom musikken og showet. Han finn mest glede i fargane, dei store påfunna og den komiske sida til Katy Perry, medan songane fungerer dårlegare når dei må stå åleine. Eg gir musikken større vekt, men kjenner igjen korleis dei beste scenepåfunna løftar opplevinga. Eit godt show treng ikkje vere like engasjerande kvart einaste minutt.