
Key Largo
På veg til ny by i Key Largo tar Frank McCloud (Humphrey Bogart) turen innom familien til ein død venn. Ein storm er på veg og Frank blir verande på familien sitt hotell. Nokon skumle gjester likar ikkje nysgjerrige Frank.
Etter kvar blir det stormfullt både inne som ute, utan at eg vil røpe meir. Det pressande veret speglar seg på dei involverte, som blir lagt under press i posisjonen dei opptek etter kvart. Sjølv om eg godt likte ideen, skodespelarane og miljøet til filmen, blei dette langdryge og litt slapt i lengda. Det blei for mykje venting utan det heilt store presset.
Edward G. Robinson er den store drivkrafta for skribenten på The Bogie Film Blog (bogiefilmblog.wordpress.com). Omtalen meiner han styrer scenene med rå energi, medan redsla under sjølvtilliten til gangstaren stadig kjem fram. Eg likar òg skodespelarane, men fekk ikkje nok press ut av ventinga. Det er interessant at nett ein person kan halde spenninga oppe for ein annan tilskodar. For meg var ramma og uvêret meir lovande enn den samla framdrifta klarte å innfri.
