Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kick-Ass (2010)

Kick-Ass

Film
4

I gladvaldsfilmen Kick-Ass får me mykje action og komedie, og det ser vanvittig ut.

Dave Lizewski er ein high school-elev som ikkje gjer seg notert. Han er glad i teikneseriar og har få venner. Livet hans er heller ikkje spesielt vanskeleg. Så ein dag bestemmer han seg for å bli superhelt, trass i at han verken har krefter eller på nokon måte er trent.

Dette er pur underhaldning, og av den typen som gjer at eg gløymer litt den tynne historia. Det er den rette miksen av action og komedie, sprø karakterar og kurant karakterbygging. Eg er usikker på om eg sit igjen med så mykje, anna enn kjensla av å ha sett ein svært underhaldande film.

Thomas Caldwell på Cinema Autopsy (blog.cinemaautopsy.com) meiner filmen etter kvart forlèt noko av ideen om ein vanleg gut som superhelt, men blir så oppfinnsam som actionfilm at det ikkje lenger plagar han. Han rosar særleg Nicolas Cage og Chloë Grace Moretz. Det passar godt med inntrykket mitt. Historia kunne hatt meir å by på, men den rette blandinga av komedie, vald og sprø personar gjer at eg ikkje krev det medan filmen står på.