
Kid Auto Races at Venice
Kid Auto Races at Venice er oppført som Charles Chaplin si første krediterte filmrolle. Det er ein kort film på seks minuttar, der den kjente karakteren til Charles Chaplin, landstrykaren, gjer ei framferd.
Me er på ei billøpsbane, der ei gruppe kameramenn freistar å filme bilane, men landstrykaren går i vegen som den mest irriterande linselusa eg har sett.
Det startar litt uskyldig, men bygger seg faktisk opp eit moment som gjer dette rett så underhaldande.
Michael J. Carlisle på The Good, the Bad and the Critic (goodbadcritic.blogspot.com) meiner filmen er røff, men finn mykje glede i pantomimen og leiken med plasseringa framfor kameraet. Det er nettopp den enkle ideen som veks for meg. Kvar gong Charles Chaplin kjem i vegen, blir det litt meir irriterande for dei som prøver å filme, og litt meir underhaldande for oss som ser på.
