Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kindergarten Cop (1990)

Kindergarten Cop

Film
3

Kindergarten Cop har alltid slått meg som ein teit film utad, utan at eg har sett han. Kanskje fordi eg har sett noko liknande, etter plakaten å dømme, som ikkje har vore bra.

Men etter nærere ettersyn såg eg at Ivan Reitman hadde regien. Og han har ein del gode filmar bak seg, iallfall frå 1980-talet. Det og eit meir opent sinn enn tidlegare for kva dette kunne vere, eller at eg var i rett modus, gjorde at eg endeleg enda opp med å sjå Kindergarten Cop.

Arnold Schwarzenegger spelar hovudrolla. Han er politi, og endar opp som politi under dekke som barnehagelærar. Eg går ikkje meir i detalj om historia. Men eg vil seie at Arnold Schwarzenegger er i slaget her. Og filmen er både morosam og den har hjarte. Eg blir med på notane heilt frå starten av, og tykker karakteren er gode og interessant, så eg heiar på dei og blir nysgjerrig på kva veg dette vil gå. Sjølv om det heile er så enkelt og passe føreseieleg at eg ikkje burde lure.

Eg sit at med eit positivt inntrykk av filmen. Og han er langt betre enn eg kunne tru ein gong i tida då eg ikkje ville sjå han.

Den teite tittelen kan gi feil forventningar. Skribenten på Capn’s Reviews (capnsreviews.blogspot.com) blir òg positivt overraska, og meiner at politiintrigen og skulemiljøet heng betre saman enn premisset skulle tilseie. Særleg Arnold Schwarzenegger fungerer som ein likandes lærar. Omtalen peikar likevel på nokre ubehagelege sprang mellom vald og barnescener. Det er ei relevant innvending til ein film eg først og fremst fekk glede av gjennom humoren og hjartet.