
Kinds of Kindness
Kinds of Kindness er delt inn i tre historiar, kvar med same skodespelarar, men i ulike rollar. Dei tre historiane krinsar kring tema som kontroll og korleis individ manøvrerer i underlege omstende.
Filmen er regissert av Yorgos Lanthimos. Han leverer eit særprega visuelt uttrykk og distinkt forteljarstemme. I første historie møter me ein forretningsmann underlagt sterke krav frå sjefen sin. Det gir ikkje meining, men er framstilt så rett fram og seriøst at me berre må tole det. Den andre historia handlar om ein politimann viss kone har vore sakna. Når ho kjem attende meiner han at det ikkje er ho. Den tredje historia fartar inn i sekterisk område, der kulthandlingar blir utforska.
Filmen er ei spennande formidling av irrasjonalitet som gjer filmen unik. Yorgos Lanthimos gjer som han vil, gjer det bra, ofte bisart, og difor blir dette eit bra resultat. Jesse Plemons og Emma Stone skin i filmen. Alt treff meg ikkje like godt, men eg likar at filmen gjer det han gjer. Eg var ikkje førebudd på at dette var ein tredelt film, og blei kanskje litt skuffa når den første delen brått tok slutt, som òg enda opp med å bli min favorittdel.
Dei raske skifta mellom forteljingane er òg noko Kevin Pettit stoppar ved på See You at the Movies (kevinjpettit.substack.com). Han ønsker meir tid til å la kvar historie søkke inn og til å utforske personane. Samstundes finn han eit felles tema i kjærleik og kontroll, på arbeid, i ekteskap og i religion. Det gir dei tre delane ein samanheng, sjølv om eg framleis helst ville ha blitt verande lenger i den første.
