Hopp til hovedinnhold
Plakat for King Kong (1933)

King Kong

Film
3

Ein av dei verkeleg ikoniske storfilmane frå filmhistoria sin ungdom er King Kong. Han handlar om ei gruppe folk som reise til ei eksotisk øy for å gjere filmopptak. Der oppdagar dei ein gigantisk apekatt, som blir glad i filmen sin sentrale kvinnelege skodespelar.

Apen sin storleik er nok til at dei vel å fange han og ta han med tilbake til New York, som i filmsamanheng nesten alltid betyr trøbbel.

King Kong er ein grei film. Kanskje han mest er ein film som er fin å ha sett, heller enn at han er eit storslege eventyr i seg sjølv. Til det er historia for tynn, og effektane ikkje lenger imponerande nok. Det sagt, King Kong er ingen dårleg film, han når berre ikkje heilt opp.

Effektane har ein annan verdi for skribenten på The Big Picture (bigpicturereview.blogspot.com). Omtalen legg vekt på kor oppfinnsame dei er, og kor mykje plass dei faktisk gir Kong i både actionen og dei rolege stundene. Eg blir ikkje like imponert av resultatet i dag, men det er eit interessant skilje. Teknikk som ikkje lenger verkar realistisk, kan likevel ha vore brukt ambisiøst for å gjere ein figur meir enn berre eit monster.