Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kiss the Girls (1997)

Kiss the Girls

Film
3

Morgan Freeman spelar politimann og onkel til ei jente som blir kidnappa. Han tek med seg politiskiltet og forflyttar seg frå Washington D.C. til ein liten stad i North Carolina.

Vidare kjem eg til å avsløre mykje frå handlinga, så la vere å lese meir om du nokon gong har tenkt å sjå Kiss the Girls.

Durham heiter staden han dreg til. Der held ein ung lege til som blir kidnappa av den same mannen, men ho rømmer og blir med å hjelpe politimannen vidare.

Tidleg etter forflyttinga møtte me på ein karakter i filmen. Eg tenkte at han er skurken vår, og eg blei meir og meir sikkert på grunn av måten filmen blir filma på. Men og på grunn av andre filmar og seriar eg har sett. Ei greie er at me absolutt ikkje skal sjå skurken undervegs, så då må det vere nokon kjente.

Vegen framover er ganske typisk når eg siste tida har sett fleire thriller-filmar frå 1990-talet. Men det gjeld meg. Eg vil òg tilføye at serien har ei kurant oppbygging og fungerer godt som ein sjølvstendig sak. Lengda er passe, det skjer nok ting undervegs og alt går framover. Og sjølv om eg hadde visse aningar om det som skulle skje, så tykker eg at filmen har fleire spennande scener.

Gode hovudroller kan halde ein velkjend thriller gåande. Colourtossen.dk (colourtossen.dk) rosar Morgan Freeman og Ashley Judd, og meiner at det er interessant å la eit rømt offer hjelpe i etterforskinga. Skribenten blir meir overraska enn eg, men opplever også filmen som stødig på eigne bein utan å nå sjangeren sine største høgder. Det stemmer godt med mi oppleving av ein film som fungerer sjølv når eg anar kva som kjem.