Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kissin' Cousins (1964)

Kissin' Cousins

Film
3

I Kissin' Cousins gjorde Elvis Presley si første dobbeltrolle, som dei fjerne slektningane Josh Morgan og Jodie Tatum. Filmen handlar om at det amerikanske militære ønsker å få tilgang til ein fjelltopp, for å kunne bygge ein rakettbase. Hinderet er familien Tatum som eig fjelltoppen, og som nektar å ha noko med militære eller staten å gjere.

Inn kjem løytnant Josh Morgan, som er i frå området nær fjelltoppen, og som er fjern slektning med familien Tatum. Han får ordren om å få ein leigeavtale med Tatum i boks, og må ty til mange ukonvensjonelle forsøk i militær samanheng for å få det til.

Filmen opnar med den snodige tittelsongen Kissin' Cousins. Direkte oversett handlar songen om å kysse sine søskenbarn, fordi det er det søskenbarn er til for. Og om ikkje dette var ei opning å vakne til, så veit ikkje eg. Realiteten i filmen var langt mindre dristig, men Kissin' Cousins er vill nok på andre måtar. Kåte kvinner i flokk er ein ting, og Elvis Presley som syng om One Boy, Two Little Girls mens han går han i hand med sine fjerne slektningar som er søstrer er ein annan ting.

Eg får filmen til å høyre drygare ut enn han er. For bortsett frå at skjønnheiter som Yvonne Craig fyller ruta, kjent som Batgirl i serien Batman frå 1966, er ikkje dette den aller verste middelmåtige komedien med eit kurant lydspor.

På General Jabbo’s Fortress (generaljabbo.blogspot.com) blir den uskuldige tonen og dei lette songane mykje av grunnen til å like filmen. Skribenten meiner han er sjarmerande, sjølv om persontypane og nokre av ideane verkar temmeleg daterte. Eg ville ikkje strekt meg like langt i rosen, men skjønar kva som fungerer. Bak alt det merkelege og påstått dristige ligg det ein ganske harmlaus komedie med eit kurant lydspor.