
Kit ji jin si
Eg er skuffa over dei siste Hong Kong Legends-innkjøpa mine. Dei fire siste har vore rimeleg svake, og mine framtidige investeringar vil gå til titlar frå andre selskap.
Ein teikneserieskapar, ein idiot såleis, vil trene og bli sterk så han kan redde svake og fattige folk. Så han gjer det, enkelt og greitt. Teknikkane er litt artige å sjå på, men skodespelet trekk godt ned her, og eg kunne ikkje unngå å irritere meg over det. Lyden var også ikkje sykronisert på DVD-utgåva, og bildekvaliteten var dårleg. Digitalt pussa opp stod det på omslaget, med mopp?
Keith Hennessey Brown på Eye for Film (eyeforfilm.co.uk) meiner slåstinga fungerer godt når koreografi, regi og utøvarar spelar på lag. Han godtek òg skodespelet betre enn eg gjer, men er usikker på kor alvorleg enkelte parti skal takast. Det er ei nyttig presisering av kva filmen kan tilby. Dei artige teknikkane er der, men for meg veg dei ikkje opp for irritasjonen over skodespelet, i tillegg til problema med DVD-utgåva.
Den engelske tittelen er The Scorpion King.
