Kongens nei - Filmdagbok

Kongens nei 2016

Den norske filmen Kongens nei er ein eg hittil har gått glipp av, men gledeleg nytta sjansen til å sjå då han var å finne hjå NRK. Han fortel historia om kong Haakon VII og den tyske okkupasjonen av Noreg i april 1940.

Filmen fortel berre om nokre få dagar, frå tyskarane er på veg til Noreg, fram til okkupasjonen er eit faktum 11. april. Me følger kong Haakon VII som hovudperson, og kronprins Olav (seinare kong Olav V). Tyskarane pressar på den norske regjeringa, og kong Haakon som held seg unna å ta sider i politiske avgjersler, blir gradvis tvinga til å ta eit standpunkt.

Me får samtidig eit innblikk i flukta til kongefamilien frå slottet og nordover i desse dagane i 1940, og om korleis mykje skjedde over ein kort periode i eit tid med kaos og stor fare.

Eg tykkjer historia som blir fortalt i Kongens nei er ei god ei. Eg får derimot ikkje heilt taket på formidlinga som er gjort. Filmen er om sant skal seiast litt treig. Måten med å vise dato og klokkeslett for å få fram at mykje skjer på kort tid, fungerer ikkje så bra. Resultatet er at filmen stoppar opp ved tekstplakatane og verkar lengre enn han er.

Vurderinga mi av filmen som ein total blir difor rundt midt på treet. Interessant historie, svak på god flyt. Elles er det godt skodespel og fine miljø som blir skildra.