
Kontorstid
Kontorstid er eit forsøk på noko litt utanom det vanlege. Ein slags mørk komedie om livet som tilsett i eit svensk forsikringsselskap. Selskapet er i gang med omstilling, og det tek aldri slutt. Og det er alle årsakene til dette som blir utforska. Med ein lite sympatisk hovudrolle. Det er rett og slett ikkje min type film. Eit eller anna med at filmen både er vag på å få fram poenga sine, og at det heile blir litt dystert, gjer at eg er glad når filmen er over.
Jan Söderqvist på Svenska Dagbladet (svd.se) meiner arbeidslivet har mykje som kan satiriserast, men at filmen i staden gir oss klisjear og lite interessante konfliktar. Han saknar òg spennande karakterar og kritiserer det langsame tempoet. Det set ord på noko av avstanden eg kjenner til filmen. Eit mørkt kontormiljø blir ikkje i seg sjølv ein treffande komedie.
